50% på Skin1004 🤑 

Parfymeentusiast på Vestlandet

  • Innlegget ble opprettet 3 uker
    Vurdering: 5 av 5
    Mindre tørt hår og mykje finare etter føning 💛
    Eg har 2C-hår med låg porøsitet og ganske tjukke hårstrå, og denne oljen fungerer verkeleg godt for håret mitt. Det er ein silikonbasert hårolje/serum med blant anna argan-, jojoba-, mandel- og kameliaolje. Det eg merkar aller mest, er at håret kjennest mindre tørt og mykje mjukare etter at eg brukar han. Eg brukar han både før og etter hårvask, og spesielt i vått hår før føning. Då synest eg håret ser mykje glattere og sunnare ut etterpå, og det blir lettare å handtere. Eg kan bruke han ganske ofte utan at håret kjennest tungt eller overbelasta. For mitt lågporøse 2C-hår og dei tjukke hårstråa mine fungerer denne veldig godt. Trur faktisk denne blir eit fast kjøp for meg! 💛
    1 produkt i posten Mindre tørt hår og mykje finare etter føning 💛
    678 visninger
  • Innlegget ble opprettet 3 uker
    Vurdering: 5 av 5
    Verifisert kjøper
    Ei undervurdert perle frå Cacharel 🤎
    Likar du vanilje og tonka i botnen, med søt topp, mjølkeaktig kremete og litt krydder, er denne fantastisk. Mykje meir interessant enn mange av dei søte parfymane som kjem no om dagen – denne har faktisk dybde og utvikling. Og lite kan slå denne prisen!
    1 produkt i posten Ei undervurdert perle frå Cacharel 🤎
    184 visninger