Sunnisol
- Innlegget ble opprettet 1 uke
Sensitiv hud med perioral dermatitt
Hei :-) Eg har i perioder fått ein del utslett av typen perioral detmatitt, no som eg er gravid har det blussa veldig opp rundt munn. Er dette eit godt produkt for hud med PD? Då sjølvsagt i mellom ein godt eigna rens og krem. Hudtype ellers: feit og oljette i T-sona og tørr i kinna. Blir meir oljette i T-sona ut over dagen. Hudlegen min ga meg ei prøve av La Roche Posay Toleraine Rosaliac AR Concentre og sa eg skulle prøve den ilag med Viatris Elidel krem (medisin). Første dagane hadde denne Rosaliac AR kremen veldig beroligande og dempande effekt på det raude huda mi, men no etter ei veke klør huda meir. Eg har høyrt ein skal prøve eit produkt litt lenger enn ei veke før ein konkluderar, så eg vel å vere tålmodig i eit par veker til og ser om kløa gir seg. Huda er ikkje raud, men det kan hende kremen er betre for folk med rosacea og ikkje PD. Eg vurderar å prøve La Roche Posay Toleraine Dermallergo krem då eg såg fleire her på Lyko kommenterte at denne er god for sensitiv hud med PD. Tek gjerne imot alle tips, og på førehand tusen takk.1 produkt i posten Sensitiv hud med perioral dermatitt45 visninger- Brukerens rolle: Hudterapeut på Lyko.Kommentaren lades 1 ukeHei 😊 Perioral dermatitt kan dessverre ofte blusse meir opp under graviditet på grunn av hormonelle endringar, og mange opplever samtidig at huda blir ekstra sensitiv og reaktiv. The Ordinary 100% Plant-Derived Squalane kan absolutt vere eit fint produkt ved PD, spesielt dersom huda kjennest stram, tørr eller irritert. Squalane er enkelt samansett, utan aktive ingrediensar eller parfyme, og fungerer meir som støtte til hudbarrieren enn som eit “behandlande” produkt. Mange med sensitiv hud toler det godt, men sidan PD-hud kan reagere veldig individuelt ville eg introdusert det forsiktig, gjerne nokre få dropar over krem på kvelden først. Når det gjeld Rosaliac AR Concentrate høyrest det ut som huda først likte den, men at ho kanskje no reagerer litt på noko i formuleringa. Kløe kan vere eit teikn på at huda blir irritert, sjølv om ein ikkje nødvendigvis blir meir raud. Den er laga meir mot rosacea og diffus rødheit enn klassisk PD, så det kan godt hende Dermallergo ville vore eit tryggare og roligare alternativ for deg akkurat no. Mange med PD toler Toleraine-serien betre fordi den er meir minimalistisk og retta mot sensitiv og reaktiv hud. lyko.com/sv/la-roche-posay/la-roche-posay-toleriane-dermallergo-creme-40-ml Sidan du også brukar Elidel ville eg prøvd å halde resten av rutina så enkel og mild som mogleg ei stund. Mild rens, få produkt, mykje ro og minst mogleg aktive ingrediensar brukar ofte vere det huden med PD responderer best på 🌿
- Innlegget ble opprettet 2 uker1 visninger